Me har for sal fire flotte einebustader i Høgestølen, sentralt på Stord mellom Kårevik og Eldøy. Bustadene ligg landleg og vestvendt til, og det er kort veg til barneskule, Heiane Storsenter, Leirvik sentrum og Aker Solution. Her kan du sikre deg ein moderne bustad i eit etablert og populært bustadområde!
Tomta ligg vestvendt til med gode solforhold. Det er mange fine tur- og friluftsområde like i nærleiken, som til dømes det populære turområdet i Skjepåsen. Stranda i Eldøya ligg like i nærleiken, og er ein populær utfartsplass om sommaren. Her finn ein også leikeplass og båthamn. I området finn ein også Kristornskogen golfpark med pitch and putt-bane, frisbeegolf og fotballgolf.
Bustadene vert levert med gjennomgåande god standard. Dei har blant anna tre soverom og ei open kjøkkenløysing med Sigdalkjøkken, levert av Stord Kjøkkensenter. Stova er plassert i andre etasje, og med store vindauge og god utsikt, vert dette ei stove med verkeleg god romkjensle! Bustadane har også peisomn, samt ein innvendig og utvendig bod.
Bustadene vert levert nøkkelferdig, men du som kunde har høve til å setje ditt eige preg på bustaden ved at me tilbyr fleire moglegheiter for tilval. Dette kan blant anna vere carport, eit ekstra bad og endra fargeval på kjøkken.
Fullstendig oversikt med romskjema og materialval er beskrive i prospektet.
I det same du vel oss som husbyggjar startar me arbeidet med å skape ditt draumehus. I tett samarbeid mellom seljar, byggjeleiar og deg, hjelper me deg å tilpasse huset etter dine ynskjer og behov.
Prosjektfremdrift
- Planlegging2024
- SalgsstartMars 2025
- Byggestart3. kvartal 2025 (forbehold om nok sal)
- Innflytting4. kvartal 2026